søndag 1. januar 2017

1.1.2017

I dag var det vått, men ikkje is nokon stad opp lia. Frå halvvegs er det synleg snø på bakken, men berre eit veldig tynt slør. På Fjellstøl om lag 1 cm nysnø, og små restar etter den gamle.

På arket Statistikk kan du sjå at det er 642 namn i kassa i 2016, om lag 100 mindre enn året før. Grovt sett kan ein seie at nedgangen kom i juli, då det var ei halvering frå i fjor. Variasjonane har samanheng med vêrtilhøva, t.d. ser du at mai og oktober viser stor aktivitet i 2016.

I kassa ligg det no ei bok med plass til 1000 namn (i ein plastpose). Boka blir liggjande heile året.
Utpå våren er det meininga å setje opp ei ny og betre kasse som ikkje tek inn vatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar