lørdag 8. desember 2018

08.12.2018

VIKTIG

DET ER IKKJE MANGE SOM BRUKAR BLOGGEN. DIFOR VIL EG FRÅ NYTTÅR GÅ OVER TIL Å SKRIVE BERRE NÅR DET ER VIKTIGE OPPLYSNINGAR (OG DET ER IKKJE SÅ OFTE), SAMT EIT INNLEGG VED ÅRSSKIFTE.

EG VIL OPPMODE DEG OM Å ABONNERA PÅ MELDING FRÅ BLOGGEN, SÅ SLEPP DU Å SLÅ OPP NÅR DET IKKJE ER NOKO NYTT, OG DU FÅR MELDING NÅR DET SKJER NOKO.

I dag var det fint å gå. Eit tynt snølag har kome som sludd og har festa seg til underlaget. Ved Tverrlivegen er det ca. 2 cm snø, og på stølen om lag 5-6 cm.
Med utsikter til opphaldsvêr og kaldare, trur eg det vil vere fint å gå turen framover mot jul.

mandag 22. oktober 2018

22.10.2018

No er det greitt å gå stølsvegen over snauhogsten. Det er rydda noko, og merka betre. Framleis ligg det mykje kvist i stien, men det er ikkje vanskeleg å gå over. Er du i tvil om kor du skal gå, sjå mot elva. Stien svingar seg ut mot elva nokre plassar, og der er det mindre kvist.
Bildet er teke nedover frå Kvilesbrekka (den bratte grusryggen rett ovanfor stiskiljet Fjellstøl / Vikanuten).

onsdag 3. oktober 2018

03.10.2018

Det er skogsarbeid på stølsvegen mot Fjellstøl (og Vikanuten). Grunneigar seier at det skal ryddast opp etterpå, men vi veit ikkje når det blir gjort.
Viss du skal oppover, og viss ikkje skogsmaskinane arbeider, kan du gå over snauhogsten og finne att stien ovanfor. Men viss dei arbeider, er det ikkje lett å koma forbi. Då kan du - som ei mellombels løysing - GÅ (vi vil ikkje ha biltrafikk) frå parkeringsplassen oppover privatvegen til oss, og vidare heilt til vegen sluttar ved ein rubhall. Der går du rett fram på ein traktorveg, og etter kvart over på godt trakka sti. Denne stien kjem inn på stølsvegen omtrent halvvegs.
Steinar Smith

lørdag 29. september 2018

28.09.2018

For nokre dagar sidan var boka i den faste kassen våt, så eg tok henne med ned for tørking, og la inn eit ark for mellombels bruk. I går la eg inn att boka, førte inn namna frå arket, og la under eit stykke plast, så ikkje boka skal bli våt frå underlaget. Trur det hadde trekt seg opp frå vått treverk i høgre kant, der det kan kome inn litt når det regnar og bles frå sør.

mandag 17. september 2018

17.9.2018

Hausten er her med mykje regn. Bekkane er normale eller store, og det er litt sleipt i stien mange stader. I Fjelltrim-boka er det no snaut 500 namn, og i den faste kassen er det om lag 100 meir.
I dag gjekk eg tur nr. 700 til Fjellstøl, den 44. i år.

mandag 2. juli 2018

01.07.2018

No er det lite eller ikkje noko rennande vatn i lia og på stølen. Bekken ved Byttesteinen vert nok også heilt tørr snart. Ta derfor med drikke på tur.
I den faste kassa er det 278 namn for første halvår. Første kvartal var det 25.

søndag 3. juni 2018

03.06.2018

Det er tørt, men framleis vatn i dei største bekkane. Truleg er vatnet trygt viss det er god vassføring, men ta med deg drikkeflaske, for varmen i kombinasjon med ein del lemen i fjellet kan gjere vatnet farleg.
Stien er framleis litt klinete nokre plassar, men stort sett veldig tørr.
Vidare mot Vikanuten er det nokre snøfenner enno, men dei er så faste at du tråkkar berre nokre cm nedi snøen.
Heile runden om Vikanuten og ned att til Sætveit er rydda for vindfall/snøbrekk frå i vinter.
Fjelltrimmen har sett opp eigen kasse på Fjellstøl, der det også er bok.

torsdag 26. april 2018

26.04.2018

Trugesesongen er over. No er det ikkje snø i stien før du kjem opp mot Ringerike. Folk har trakka spor vidare. I brekka nedanfor stølen er det framleis mykje snø, men han er så hard at du går nesten oppå sjølv om snøen er våt. På stølsvollen er det berre nokre få snøflekkar att.

mandag 2. april 2018

02.04.2018

Påska er over, og vinteren er vel på hell? Men i dag var det skare og is heile vegen til støls, og vi trakka ikkje gjennom. Blir det varmegrader om nettene, blir det verre å gå. Vi har brukt truger den siste tida, så det er ikkje trakka ned på øvste halvdelen. Gjennom skogen nedst er det noko glatt no, og dette blir snart betre når det blir varmegrader.
Det er no om lag ein halv meter snø ved Tverrlivegen, og kanskje gjennomsnitt 80 cm på stølen.
Dei tre fyrste månadane er det skrive berre 25 namn i boka i år. Eg veit at mange fleire har vore der, så rett tal besøk er om lag 50.

fredag 16. februar 2018

15.02.2018

Gunvor gjekk opp (med truger frå halvvegs) 13.2., overnatta og moka snø av to tak. Gjekk ned att dagen etter. 15.2. gjekk eg opp og ned.
Det er ein del drivsnø i brekka under stølen. På stølsvollen er det kanskje ein meter med snø. Eg målte 45 cm ved Tverrlivegen.
Vinden og snødrevet sto rett mot luka på besøkskassa, og det var eit par cm med snø på boka, som eg feide ut. Sjølv ikkje dobbel dør/luke heldt tett mot slik fokksnø!!

tirsdag 2. januar 2018

02.01.2018

I dag har eg sett inn ny bok i kassa. I 2017 vart det om lag 640 namn i kassa (nokre blanke rader og nokre skriv fleire namn på same linje).
Statistikk for tidlegare år finn du på fana Statistikk.
Bøker og ark frå tidlegare år vert lagra hos meg.

Det var 0 grader der oppe midt ved 11-tida i dag, og det var ca. 25 cm våt snø. Ved Tverrlivegen var det ca. 10 cm. Med utsikter til opphald og kaldare vêr, kan det bli bra å gå til Fjellstøl komande veke.