fredag 28. desember 2012

Tur 65 - 2012

Fint å gå i dag, i spora frå sist. På stølen var det 35 cm snø, -5 grader C. Eg gjekk hovudstien heilt ned, og nedre del har nokre parti med glatt skare/is.
Eg møtte ein familie på fire, men trur ikkje dei gjekk heilt opp. To damer har gått opp no.

onsdag 26. desember 2012

Tur 64 - 2012

Våt snø heile turen. Nedst 10 cm, midtvegs 15 cm, på stølen 33 cm. Den våte snøen gjer at issvullar ikkje er glatte lenger. 65 min. opp i dag. Gjekk ikkje nedste halvdel av hovudstien, men vår eigen sti.