fredag 26. desember 2014

26.12.14

Endeleg kom eg meg til støls att etter tre veker forkjøling (og ein liten operasjon).
Det er ganske fint å gå oppover, for Sjur H. B. gjekk ned med truger medan det var vått, og no var det 6 kuldegradar på stølen, så eg datt ikkje gjennom i spora hans. Midtvegs kunne eg gå oppå skaren utanfor tråkket også. Det er om lag 55 cm snø på stølen, og 10 cm nysnø ved Rauneskarv (halvvegs) og her nede no.
Dette var tur nr. 50 for meg i år. Skal snart telje opp alle namna i "boka".

torsdag 4. desember 2014

4.12.14

Det er mildt heilt til støls, og snø finst berre som flekkar frå Ringerike og oppover. Is vart ikkje observert i dag.
Eg har målt opp stølsvegen med "skrevemål" - form som ein A, med lengde ein meter. Sjå eigen omtale på fanen Info.

tirsdag 25. november 2014

25.11.14

Sist eg var oppe (laurdag) var det 5 cm snø på stølen, og såvidt synleg snø halvvegs. I dag hadde det meste tint, så det er berre nokre flekkar att på stølen. 2 grader der oppe. Det er vått! Har kome om lag 40 mm sidan laurdag kveld.

tirsdag 18. november 2014

18.11.14

Det er fine tilhøve på stien no. Lite vatn i bekkane, men nok til drikke. Stien har partier med tørt lauv, men også litt klinete nokre stader. Ikkje frost på stølen, men med godvilje kan ein seie at det låg LITT snø i brotet  nedanfor stølen i dag.
På Ringerike har eg byrja finne steinar til å laga sitjebenkar rundt skiferbordet som kjem opp neste vår. Det er krafse og "spett" der, og ALLE BLIR OPPMODA OM Å BIDRA I DETTE ARBEIDET. Det blir ein dugnad til våren for å få dette på plass.

torsdag 30. oktober 2014

30.10.14.

Uvêret har ikkje øydelagt nemneverdig i området. Vi har i dag rydda nokre tre og ein del greiner langs "vår" trasè. Elles er det blautt og ein del lauv i stien. I kassa på stølen var det så vått at eg fjerna arka og la inn eit nytt, sjølv om nummera på dette er for høge.

søndag 28. september 2014

28.09.14

Trafikken avtek med dårlegare vêr og færre turistar. Men per no har om lag 200 fleire skive i boka i år enn i fjor, eller om lag 45 % fleire.
Det er vatn i bekkane att, og normale tilhøve i stien. Viss det fins lemen i fjellet, kan det vere fare for å få harepest av å drikke frå bekken. Men eg har ikkje sett lemen i fjella her - derimot mykje over Haukeli.
Vassmølla er teken ned for service i vinter.

tirsdag 26. august 2014

26.08.14

Normale tilhøve på stien og på stølen. Litt vatn i bekkane, og vassmølla går (sjølv om lyset ikkje verkar, og musikken er svært svak).
Framleis manglar nokre av dei historiske skilta på stien opp til Fjellstøl, men eg trur det er fullført på resten av turen. Hans Bringeland og Georg Kvåle har sett opp skilta.
Dårlege kne gjer at eg kanskje ikkje går så ofte som før. Difor kan det også bli lenge mellom kvart nye innlegg. Men DU kan jo skrive SJØLV, ved å kommentere siste innlegg.

søndag 13. juli 2014

13.07.14

No er det så tørt at det er svært lite vatn å finne. I dag rann det ørlite i bekken der vassmølla står, men i bekken på stølsvollen er det nesten stilleståande vatn. TA MED DEG VATN. Truleg er det lite å finne ovanfor stølen også, mot Vikanuten.

Georg Kvåle og Hans Bringeland har sett opp ein del av dei historiske skilta på rundturen. Det kjem i alt 40 skilt, og ei infotavle ved start.

Det kjem også eit steinbord (og krakkar?) på "Ringerike", når eg får hjelp til lyfting og festing.

onsdag 18. juni 2014

18.06.14

Tørr sti nesten heile vegen til stølen. Men i går var det nok sauetrafikk opp til fjells, og sauene har lagt att ein del visittkort i stien, som fluene vert trekte til.
Eg ordna drift på vasshjulet igjen. Trerenna er ikkje stabil no heller, så det er uvisst kor lenge hjulet går. Også vassmengda i bekken tel, sjølvsagt! Sjå elles informasjon på fanen INFO.

torsdag 1. mai 2014

01.05.14

Tørr sti det meste av turen, men litt vått nokre plassar. Vatn i bekkane, for det er snø og smelting ovanfor stølen. Eg har rydda vekk det meste av den store bjørka og laga ved, men måtte la det vere att ein del for at ikkje rota skulle falle ned på stien.


På stølen er bjørka grøn, medan det ligg snøklattar like ved.

søndag 13. april 2014

13.04.14 Palmesundag

Ufyseleg vêr, men med gode klede var det ein fin tur i dag òg. Det finst nesten ikkje snø; berre nokre små flekker ved stølen. Truleg må ein opp i 8-900 m høgd for å finne samanhengjande snødekke.

søndag 6. april 2014

06.04.14

I dag var det grått og litt yr, men ikkje så mykje vatn i bekkane. Eg tok med motorsag og byrja rydda den store bjørka som har falle over stien nesten øvst. Det er berre nokre snøflekker øvst og på stølsvollen.

onsdag 19. mars 2014

19.03.14

Snøen som kom i natt har regna bort opp mot 400 høgdemeter. På stølsvollen målte eg 25 cm kl. 14:30. Det er no meldt regn opp mot 1000 moh.

torsdag 6. mars 2014

06.03.14

Det er ikkje snø før ein kjem opp i om lag 550 meters høgd. Det er litt is i stien nokre stader der oppe, men på stølen er det nesten ikkje noko. Tilhøva minner meir om oktober enn om mars.

fredag 31. januar 2014

31.01.14

Det er tørt og fint å gå mesteparten av turen. Nokre issvullar i stien er godt synlege og lett å gå utanom. Snø er det lite av. Nokre skavlar på stølsvollen.
Hadde med fotograf i dag (Gjermund).

På tur nedatt fekk eg hjelp til å flytte denne hella det siste stykket til ein utsiktsplass der ho kan bli til eit bord. (Staven er 130 cm lang, og hella er 5-10 cm tjukk, så ho veg vel om lag 250 kg)

søndag 19. januar 2014

19.01.14

No er det ein del svullar (is) i stien, særleg på øvre halvdel. Fint å gå i lyngen utanfor stien.
Det meste av snøen på stølsvollen har blåse bort, eller ligg i fenner.

tirsdag 14. januar 2014

14.01.14

I dag kl. 15 var det på stølen 5 kuldegrader og om lag 15 cm tørr snø. Det er ikkje mykje is under snøen, men det kan vera litt. Nokre blaute flekker i stien.