torsdag 31. januar 2013

31.01.2013.

No er det fint å gå, for den våte snøen i går har sett seg fast på isen. Berre eit lite stykkje midtvegs er det litt is i stien. Derfrå aukar snømengda til om lag 30 cm på stølsvollen. Eit lite skarelag på toppen, og veldig vått i botnen etter alt regnet. 3 kuldegrader kl. 14.

søndag 27. januar 2013

27.01.13 kl. 15

Nokre cm nysnø gjer det litt skummelt å gå i stien på øvste delen, fordi det er ein del issvullar. Eg rår deg til å  bruke stavar, og gjerne gå utanfor stien på bratte parti. Det er ganske trygt å gå der du ser lyng som stikk opp.
Mildver gjer at det truleg blir mindre glatt. Våt snø festar seg betre til issvullane.
Kl. 15 var det -1 grad på stølen. Midtvegs var det 10 cm snø. På stølen var den nye snøen nesten blåst vekk.

søndag 20. januar 2013

20.01.13.

Det er ein del svullar i stien, men lett å gå likevel fordi det er fast skare der det er snø.
4 kuldegrader på stølen i dag. Det går an å gå heilt til Vikanuten på føtene, på hard skare. I dei brattaste henga kan det vera ein fordel å ha stavar og/eller broddar.

onsdag 9. januar 2013

09.01.13

Regn ved fjorden om morgonen gjekk over til sludd og snø oppover lia. Mindre enn 1 cm halvvegs. På stølen snaut 10 cm fast, gamal snø. 1 varmegrad. Det er noko is i stien på øvre halvdel, men den blaute snøen oppå gjev ganske godt feste. Elles er det ganske lett å gå ved sida av stien der det er glatt.

søndag 6. januar 2013

05.01.13

Nesten ikkje snø i lia, men nokre få plassar er det restar etter snø og is. På stølen var det 10 cm våt snø, og 3 varmegrader.

onsdag 2. januar 2013

Ny fast kasse på Fjellstøl

2. januar 2013 sette eg opp ei "kasse" der du kan skriva namnet ditt når du er på Fjellstøl. Under lokket er det eit kart, og under kartet er det ark du kan skrive på. Skriv dato og namnet ditt, eller berre ein X om du vil vera anonym. Det er fint om alle som går til Fjellstøl fyller ut ei linje, så vi kan sjå kor mange som går denne turen. Eg vil skifte ut ark etter kvart, og skriva på bloggen kor mange som har vore på Fjellstøl. Talet vil også gå fram av nummer på linjene på arka. Ny nummerserie kvart år.

I dag var det våt, tung snø heile vegen. Midt i lia var det om lag 10 cm snø, og på stølen om lag 35 cm. Nokre plassar er det litt is, men det er ikkje vanskeleg å gå i dagsljos. Null grader på stølen.