onsdag 27. februar 2013

27.02.13.

I dag gjekk eg den merka stien heile vegen. Det er noko glatt opp gjennom granskogen, så det er best å gå utanom stien mange plassar. Over granskogen er det ganske fast og godt spor.

søndag 24. februar 2013

24.02.13

Sporet er litt laust, men du søkk ikkje mykje nedi no. Nokre få issvullar i stien. Sidan snøveret er det gått 5 turar på øvste delen, og eit par turar på nedste del av den merka stien.

torsdag 21. februar 2013

21.02.13

Gjekk opp på ein time i dag. Det er ganske fast under den siste snøen. På øvste halvdelen datt eg gjennom 5-15 cm snø med ei tynn skareskorpe. På stølen var det kl. 15 sol, stille og 5 kuldegrader. Om lag 50 cm snø (eg målte 40 og 70 cm)

fredag 15. februar 2013

15.02.13

Litt nysnø. Øverst har snøen fylt spora (fokksnø), og fastheita er veldig variabel. Nokre plassar går du oppå fokksnøen, men du kan også tråkke nedi ein halv meter. Dei siste 100 høgdemetrane er nokså tunge no, medan resten er ganske bra.
Kl. 15 var det ein kuldegrad, stille og skya på stølen.

fredag 8. februar 2013

08.02.13

Sidan snøfallet er det gått tre turar til stølen. Først ein gong med truger og så to gonger utan. Stort sett går du fint i spora våre, men det kan henda at du tråkkar gjennom litt.
I dag kl. 15 var det 6 kuldegradar der oppe. Sola kjem ein tur innom på stølen ved 15.30-tida no.

No på vinteren kan du gå opp den private vegen til endes og følgje sporet vårt oppover lia. Men vi ønskjer ikkje biltrafikk opp i tunet. Vi går sjeldan den vanlege stien, så den er ikkje trakka no. Stien "vår" kjem innpå hovudstien om lag halvvegs.

onsdag 6. februar 2013

06.02.13

Mykje lett nysnø høgt i lia. Truleg 60 cm på stølen, men berre 10-20 cm til halvvegs. Eg gjekk øvre halvdelen med truger i dag, så det er eit tydeleg spor som er nedtrakka om lag 10-30 cm. Sol og flott vêr, 6 kuldegradar på stølen.