mandag 4. januar 2021

Oppsummering for 2020

 Boka i kassa på Fjellstøl er skifta ut ved nyttår.

Namna som er skrive i bøkene i 2020 er digitalisert i ei Excel-fil som ligg på Dropbox, under Jondal idrettslag si Tur- og merkegruppe.

Statistikk for 2020 finn du under fana Statistikk, saman med tidlegare år. Det vart ny årsrekord, med 846 namn. Januar og desember sette månadsrekord for dei 8 åra som er med i statistikken.

onsdag 1. januar 2020

1.1.2020

I dag har eg lagt ut ny statistikk for året som gjekk. 90 fleire namn enn i 2018. Det stemmer nokså nøyaktig med talet på namn 18.9., då heile skulen i Jondal gjekk til Fjellstøl. Derfor er den vanlege aktiviteten nokså stabil. Nokre ivrige turgåarar skriv ikkje i boka.

Det har vore opptil ca. 15 cm snø på stølen i haust, men no er det bert.

mandag 4. mars 2019

4.3.2019

I dag var eg oppover ein tur. Det er ikkje snø før du kjem til Ringerike. Derifrå er det litt gamal snø og is, men på stølen er det ikkje meir enn nokre flekkar.

lørdag 8. desember 2018

08.12.2018

VIKTIG

DET ER IKKJE MANGE SOM BRUKAR BLOGGEN. DIFOR VIL EG FRÅ NYTTÅR GÅ OVER TIL Å SKRIVE BERRE NÅR DET ER VIKTIGE OPPLYSNINGAR (OG DET ER IKKJE SÅ OFTE), SAMT EIT INNLEGG VED ÅRSSKIFTE.

EG VIL OPPMODE DEG OM Å ABONNERA PÅ MELDING FRÅ BLOGGEN, SÅ SLEPP DU Å SLÅ OPP NÅR DET IKKJE ER NOKO NYTT, OG DU FÅR MELDING NÅR DET SKJER NOKO.

I dag var det fint å gå. Eit tynt snølag har kome som sludd og har festa seg til underlaget. Ved Tverrlivegen er det ca. 2 cm snø, og på stølen om lag 5-6 cm.
Med utsikter til opphaldsvêr og kaldare, trur eg det vil vere fint å gå turen framover mot jul.

mandag 22. oktober 2018

22.10.2018

No er det greitt å gå stølsvegen over snauhogsten. Det er rydda noko, og merka betre. Framleis ligg det mykje kvist i stien, men det er ikkje vanskeleg å gå over. Er du i tvil om kor du skal gå, sjå mot elva. Stien svingar seg ut mot elva nokre plassar, og der er det mindre kvist.
Bildet er teke nedover frå Kvilesbrekka (den bratte grusryggen rett ovanfor stiskiljet Fjellstøl / Vikanuten).

onsdag 3. oktober 2018

03.10.2018

Det er skogsarbeid på stølsvegen mot Fjellstøl (og Vikanuten). Grunneigar seier at det skal ryddast opp etterpå, men vi veit ikkje når det blir gjort.
Viss du skal oppover, og viss ikkje skogsmaskinane arbeider, kan du gå over snauhogsten og finne att stien ovanfor. Men viss dei arbeider, er det ikkje lett å koma forbi. Då kan du - som ei mellombels løysing - GÅ (vi vil ikkje ha biltrafikk) frå parkeringsplassen oppover privatvegen til oss, og vidare heilt til vegen sluttar ved ein rubhall. Der går du rett fram på ein traktorveg, og etter kvart over på godt trakka sti. Denne stien kjem inn på stølsvegen omtrent halvvegs.
Steinar Smith

lørdag 29. september 2018

28.09.2018

For nokre dagar sidan var boka i den faste kassen våt, så eg tok henne med ned for tørking, og la inn eit ark for mellombels bruk. I går la eg inn att boka, førte inn namna frå arket, og la under eit stykke plast, så ikkje boka skal bli våt frå underlaget. Trur det hadde trekt seg opp frå vått treverk i høgre kant, der det kan kome inn litt når det regnar og bles frå sør.