tirsdag 31. desember 2013

31.12.13

Det er snøfritt opp til om lag 500-550 moh., og om lag 15 cm snø på stølsvollen (noko ujamnt). Det var 2 grader der kl. 15 i dag. Det finst ikkje is.
Ei stor bjørk har ramla over stien langt oppe. Førstemann med motorsag får dela ho opp. Det er ikkje så langt å bera veden opp til stølen. Alle som går, kan vel ta med seg ein kabbe?
Statistikken for heile 2013 blir oppdatert i morgon, trur eg.
Godt nytt tur-år. Helsing Steinar

søndag 22. desember 2013

22.12.13.

VÅTT. Og så litt snø frå om lag 4-500 moh. 5-10 cm våt snø på stølsvollen.
På turen i dag møtte eg ein annan trimmar, og ein slektning bur nokre dagar i eit av sela på stølen.

søndag 15. desember 2013

15.12.13.

Snøen har smelta høgt til fjells. På stølsvollen er det eit par cm snø. Litt meir nedanfor stølen, men lite i stien. Vått, og ikkje noko is.
Det har vore lite trafikk i november; berre 8 har skrive i kasseboka.

tirsdag 10. desember 2013

10.12.13.

Våt snø heile vegen til stølen. 5-10 cm snø, men ofte ingenting i stien, fordi det renn vatn der. På stølen er det om lag 15 cm snø. Ikkje is, men det kan bli frost no i natt.

søndag 3. november 2013

03.11.13

Det har enno ikkje vore frost og snø på Fjellstøl, og framleis kan ein finna blåbær på lyngen der.
I dag gjekk eg tur nr. 50 i år. Sjå oppdatert statistikk på eigen fane.

mandag 7. oktober 2013

07.10.13

No er det haust, og mykje lauv ligg i stien og demmer opp vatn. I dag var det svært vått mange plassar.

mandag 2. september 2013

onsdag 28. august 2013

27.08.13

No er det ganske tørt i lia, så det er lite rennande vatn å finna.

torsdag 1. august 2013

søndag 28. juli 2013

28.07.2013

No er det tørt i lia mot stølen, så ta med deg drikke på turen. Det finst litt vatn i dei største bekkane, men det er lite som renn.
Sjå statistikk for første halvår på fanen Statistikk.

fredag 19. juli 2013

19.07.2013

Nokså blautt i stien mange stader, men no vert det tørrvêr!
Parkeringsplassen på Sætveit er ferdig, med plass til fem bilar.
Min tur nr. 400 til Fjellstøl sidan eg flytte til Jondal i 2005.

søndag 30. juni 2013

30.06.13

Sommar. Grønt alle stader. Passeleg med vatn i bekkane, til drikke undervegs.
Saman med den faste "kassen" på stølsvollen står no i sommar Fjelltrimmen si kasse (fram til 13.10.). Sjå flygeblad som m.a. er lagt ut i banken og Coop.
Om du gløymer å skrive i boka for Fjelltrimmen, men skriv i den faste kassen, skal eg telja deg med!

torsdag 23. mai 2013

23.05.13

No er snø og is borte i stien, og det har tørka opp ganske bra. Trafikken aukar.

fredag 17. mai 2013

16.05.13

Framleis litt snø og mykje is på øvste 100 høgdemetrane. Stølsvollen nesten fri for snø. 13 grader.

torsdag 9. mai 2013

09.05.13

I dag var det 10 grader på stølen, og om lag halve stølsvollen er fri for snø. Nedover i lia er det 10-30 cm våt snø i stien dei øvste 100 høgdemetrane, og dei neste 100 er det nokre snø- og isrestar. Elles er det vått sommarføre.

onsdag 3. april 2013

03.04.13.

Det er om lag dei same tilhøva som det har vore dei siste vekene. I dag var det vindstille på stølen, strålande sol, og 3-4 varmegrader kl. 15.
Under isen i bekken er det no tomt for vatn. Snøen oppover mot Vikanuten er fast, men det varierer frå svært hard fokksnø til skarp skare.

søndag 24. mars 2013

24.03.13

Framleis glatt i stien gjennom granskogen, både på den merka stien og på stien "vår". Bruk broddar, eller gå til side for stien. Ovanfor granskogen er det veldig fast spor, men også der kan det vera litt glatt, så nedover er det tryggast å gå litt utafor sporet viss du ikkje har broddar. Oppe ved stølen har sporet fokka att.

søndag 17. mars 2013

17.03.13

Mildver har gjort issvullane litt mindre glatte. Likevel er det nokså glatt på nedste delen gjennom granskog. Øvste delen har fast, god sti.

mandag 11. mars 2013

10.03.13

Framleis glatt mange plassar gjennom granskogen, så du bør ha broddar. Om lag 10 kuldegrader i helga (om nettene), men no kjem sola opp kl. 09 på stølen. Natt til sundag bles det mykje, så snøen er tørr og ganske hard.

tirsdag 5. mars 2013

05.03.13

På nedste halvdel (gjennom granskogen) er det no mange glatte parti. Broddar vil vera ein fordel. Eller gå til side for stien der du kan halde deg fast i greiner og tre. På øvste delen er det ganske fast og fint spor, og ikkje det minste glatt. Om lag 5 cm nysnø på stølen. Null grader kl. 16 i dag.

onsdag 27. februar 2013

27.02.13.

I dag gjekk eg den merka stien heile vegen. Det er noko glatt opp gjennom granskogen, så det er best å gå utanom stien mange plassar. Over granskogen er det ganske fast og godt spor.

søndag 24. februar 2013

24.02.13

Sporet er litt laust, men du søkk ikkje mykje nedi no. Nokre få issvullar i stien. Sidan snøveret er det gått 5 turar på øvste delen, og eit par turar på nedste del av den merka stien.

torsdag 21. februar 2013

21.02.13

Gjekk opp på ein time i dag. Det er ganske fast under den siste snøen. På øvste halvdelen datt eg gjennom 5-15 cm snø med ei tynn skareskorpe. På stølen var det kl. 15 sol, stille og 5 kuldegrader. Om lag 50 cm snø (eg målte 40 og 70 cm)

fredag 15. februar 2013

15.02.13

Litt nysnø. Øverst har snøen fylt spora (fokksnø), og fastheita er veldig variabel. Nokre plassar går du oppå fokksnøen, men du kan også tråkke nedi ein halv meter. Dei siste 100 høgdemetrane er nokså tunge no, medan resten er ganske bra.
Kl. 15 var det ein kuldegrad, stille og skya på stølen.

fredag 8. februar 2013

08.02.13

Sidan snøfallet er det gått tre turar til stølen. Først ein gong med truger og så to gonger utan. Stort sett går du fint i spora våre, men det kan henda at du tråkkar gjennom litt.
I dag kl. 15 var det 6 kuldegradar der oppe. Sola kjem ein tur innom på stølen ved 15.30-tida no.

No på vinteren kan du gå opp den private vegen til endes og følgje sporet vårt oppover lia. Men vi ønskjer ikkje biltrafikk opp i tunet. Vi går sjeldan den vanlege stien, så den er ikkje trakka no. Stien "vår" kjem innpå hovudstien om lag halvvegs.

onsdag 6. februar 2013

06.02.13

Mykje lett nysnø høgt i lia. Truleg 60 cm på stølen, men berre 10-20 cm til halvvegs. Eg gjekk øvre halvdelen med truger i dag, så det er eit tydeleg spor som er nedtrakka om lag 10-30 cm. Sol og flott vêr, 6 kuldegradar på stølen.

torsdag 31. januar 2013

31.01.2013.

No er det fint å gå, for den våte snøen i går har sett seg fast på isen. Berre eit lite stykkje midtvegs er det litt is i stien. Derfrå aukar snømengda til om lag 30 cm på stølsvollen. Eit lite skarelag på toppen, og veldig vått i botnen etter alt regnet. 3 kuldegrader kl. 14.

søndag 27. januar 2013

27.01.13 kl. 15

Nokre cm nysnø gjer det litt skummelt å gå i stien på øvste delen, fordi det er ein del issvullar. Eg rår deg til å  bruke stavar, og gjerne gå utanfor stien på bratte parti. Det er ganske trygt å gå der du ser lyng som stikk opp.
Mildver gjer at det truleg blir mindre glatt. Våt snø festar seg betre til issvullane.
Kl. 15 var det -1 grad på stølen. Midtvegs var det 10 cm snø. På stølen var den nye snøen nesten blåst vekk.

søndag 20. januar 2013

20.01.13.

Det er ein del svullar i stien, men lett å gå likevel fordi det er fast skare der det er snø.
4 kuldegrader på stølen i dag. Det går an å gå heilt til Vikanuten på føtene, på hard skare. I dei brattaste henga kan det vera ein fordel å ha stavar og/eller broddar.

onsdag 9. januar 2013

09.01.13

Regn ved fjorden om morgonen gjekk over til sludd og snø oppover lia. Mindre enn 1 cm halvvegs. På stølen snaut 10 cm fast, gamal snø. 1 varmegrad. Det er noko is i stien på øvre halvdel, men den blaute snøen oppå gjev ganske godt feste. Elles er det ganske lett å gå ved sida av stien der det er glatt.

søndag 6. januar 2013

05.01.13

Nesten ikkje snø i lia, men nokre få plassar er det restar etter snø og is. På stølen var det 10 cm våt snø, og 3 varmegrader.

onsdag 2. januar 2013

Ny fast kasse på Fjellstøl

2. januar 2013 sette eg opp ei "kasse" der du kan skriva namnet ditt når du er på Fjellstøl. Under lokket er det eit kart, og under kartet er det ark du kan skrive på. Skriv dato og namnet ditt, eller berre ein X om du vil vera anonym. Det er fint om alle som går til Fjellstøl fyller ut ei linje, så vi kan sjå kor mange som går denne turen. Eg vil skifte ut ark etter kvart, og skriva på bloggen kor mange som har vore på Fjellstøl. Talet vil også gå fram av nummer på linjene på arka. Ny nummerserie kvart år.

I dag var det våt, tung snø heile vegen. Midt i lia var det om lag 10 cm snø, og på stølen om lag 35 cm. Nokre plassar er det litt is, men det er ikkje vanskeleg å gå i dagsljos. Null grader på stølen.