tirsdag 6. desember 2016

6.12.16.

På turen i dag var det rundt 0 grader. Ingen snø før ein kjem om lag til Ringerike. Snøflekkar og litt is på øvste delen. Det er lett å gå utanfor stien for å unngå is.
Sist eg var oppe var arket i kassa heilt vått, trass fleire forsøk på å tette mot inntrenging av vatn. I dag skifta eg til eit tjukt papir som vil tåle betre å bli vått.
Det har vore liten trafikk i november: berre 9 namn i kassa, og av desse står eg (Steinar) for 6.

lørdag 5. november 2016

4.11.16

Snøen er komen til Fjellstøl. Då eg gjekk 4.11. møtte eg den første snøen på toppen av Kvilesbrekka. Halvvegs låg det ca. 2 cm, og på Fjellstøl var det ca. 10 cm. Det har nok kome meir etterpå, og eg trur det blir liggjande, for det blir kaldt frå i morgon kveld.
Arka i kassa vart våte også sist det regna og bles. Eg skal gjera eit forsøk til på å tette. Eg skifta ut med tørre ark 2.11.

onsdag 19. oktober 2016

18.10.16

Det er "vårtørt" i lia no. Berre i Byttesteinbekken sildrar det litt, kanskje ein halv liter i minuttet. Paddetjønn er nesten tørt.
Eg har sett på ein skjerm på "kassen" for å hindre at regn trengjer inn når det bles. Viss det viser seg å hjelpe, kjem eg til (frå neste år) å la arka vere i kassen heile sommaren. Eg har teke arka heim, og har dei lagra. Har også skrive inn i Excel, men har ikkje funne ut korleis eg best kan gjere det tilgjengeleg for dei som ynskjer. Ta kontakt om du lurar på noko.

torsdag 22. september 2016

21.09.16

No er det så tørt i Sætveitlia som det knapt har vore i sommar. Berre i Byttesteinbekken sildrar det litt. Paddetjønn (rett ovanfor der eg bur) er nesten tomt.
I går "restaurerte" eg demningen i Byttesteinbekken, for sikrare tilførsel til vassrenna.

torsdag 25. august 2016

25.8.16

Sundag og tysdag har Sveinung Selsvik og eg (Steinar) skifta ut skadde skilt (historiske namn, brune skilt) på turen over Vikanuten, og sett opp att to skilt som mangla (Matbord og Seltuft). Har også sett på ei topplist slik at vatn og snø får mindre tak til å øydelegge folien på skilta. Dei fyrste skilta hadde dårleg folie, og vi fekk ny levering frå A2g. Skilta som ikkje var skada, er ikkje bytt ut, så viss du ser skadde skilt frå no, ver snill å melde frå til oss, så kan vi byte ut.

I går kom det minst 53 mm regn på Sætveit. Elva (Sætveitbekken) er så stor at det truleg ikkje er råd å passere. Skal du gå Nutadalen, kan du gå over elva ved vegen og inn på skogsveg eit par hundre meter lengre sør.

mandag 1. august 2016

1.8.16.

Det er vått og mykje vatn i bekkane, etter ein særs regnfull slutt på juli. Målaren min viser 239 mm regn i juli, og han viser helst litt for lite. Men i fjor kom det like mykje regn på dei fyrste 5 månadane som på dei fyrste 7 i år.

Førebels opptelling av namn i kassa viser desse tala:
Månad 2013 2014 2015 2016
Januar 15 15 7 15
Februar 11 9 5 18
Mars 16 32 12 15
April 4 51 13 38
Mai 41 106 51 92
Juni 78 131 123 93
Juli 118 115 216 108

altså ei halvering av besøk i juli månad i høve til i fjor. Vêret må vel ta skulda.

fredag 3. juni 2016

3.6.16

Trass varmen (22 grader på stølen kl. 21) er det godt med vatn i bekkane, og noko fuktig i stien.

søndag 1. mai 2016

01.05.16

No er det "sommartørt" i lia, og nokså lite vatn i bekkane. Fint å gå. Det er noko snø frå Ringerike, men snøen er så fast at ein sjeldan dett gjennom.
På dei fire fyrste månadene er det 77 namn i kassa; meir enn i fjor, men mindre enn for to år sidan.
Den 9. april gjekk om lag 26 personar frå "71 grader nord" til stølen. Dei gjekk opp med tunge sekker, men vart flogne ned att med helikopter. (Berre ein av dei skreiv i kassa.) Truleg kjem dette på TV Norge til hausten.

tirsdag 19. april 2016

19.04.16

Det har kome litt nysnø på Fjellstøl, men mest regn og sludd, så det er ikkje mykje nysnø som ligg der no. I dag var det litt nysnø frå Ringerike og opp. Heilt øvst datt eg gjennom snøen nokre gonger. Nokre stader kan det vera ein halv meter snø, men på stølen ca 10-15 cm i gjennomsnitt.

søndag 27. mars 2016

27.03.16

Snøen minkar; det er om lag 30 cm på Fjellstøl, men kan vere meir nokre stader i lia. Det er nesten ikkje snø eller is på nedste halvdelen. Der vi har trakka før, gjekk eg i dag oppå snøen dei fleste plassane, men gjekk gjennom nokre stader, særleg på veg ned att. Det var 5 grader på stølen kl. 11.30.

mandag 22. februar 2016

22.2.16

I dag gjekk eg opp på 95 minutter, med truger frå halvvegs. Derifrå var det aukande mengd kram nysnø, og eg sokk 20-30 cm nedi med truger. Snømengder: nedst 0-5 cm, halvvegs 10-30 cm, på stølen 50-60 cm.

søndag 3. januar 2016

3.1.16

I dag er det flotte tilhøve, med ein kuldegrad og berre litt snø øvst i lia (og snøen er delvis frose fast). Men det finst svullar, og det vil truleg bli meir dei komande dagane.
Statistikken for 2015 er oppdatert pga. at to personar var oppe etter meg nyttårseftan.