torsdag 31. desember 2015

31.12.15.

Etter eit avbrot pga. influensa, gjekk eg opp i dag. Det er fine tilhøve og nesten ikkje snø eller is. På stølen ligg nokre små snøklattar. Det var 4 varmegradar der oppe i dag.

Eg har telt opp namn i kassa for 2015, sjå Statistikk-fana.

tirsdag 1. desember 2015

01.12.15

Det har kome mykje snø no. Nede ved vegen er det berre eit tynt lag, men midtvegs til stølen er det om lag 20 cm, og oppe ved stølen om lag ein halv meter. Gunvor gjekk opp først i dag, og eg kom etter i spora hennar, og rydda vekk nokre bjørker som låg over stien.

fredag 20. november 2015

20.11.15

No har det vore ei frostnatt eller to, og det er noko is i stien, særleg øvst, men elles fint å gå. Snø er det ikkje, men eg såg restar etter snø på stølsvollen i dag. Det var 3 kuldegradar der kl. 15. Det er svært få som går til Fjellstøl no - berre 4 namn i boka etter 4.11., og eg "er 3 av dei".

onsdag 4. november 2015

04.11.15

Det ligg mykje lauv i stien no, og det kan vera litt glatt, m.a. fordi du ikkje ser gjørme og anna glatt underlag. Men is er det ikkje! Framleis kan du finne god og fin blåbær rett nedanfor stølen.
For nokre dagar sidan gjekk eg stølsvegen heilt ned, og skar vekk nokre vindfall som låg over stien der.

torsdag 15. oktober 2015

15.10.15

Det er tørt og fint i lia, og det har knappast vore frost. Såg litt rim øvst på stien i dag. Blåbæra er framleis fin ved stølen. Eg fann denne kvasten på 580 moh. i dag, og dei største var altså 13 mm!


Oppteljing av namn i kassa syner at det fyrst på året var mindre trafikk enn i fjor, men frå og med juli har det vore fleire, så på 9 månader ligg vi 20 stk framføre 2014. Meir om dette ved årsskiftet.

mandag 7. september 2015

lørdag 29. august 2015

29.08.15

Sommaren er på hell, og snøen er vel snart på sitt "minste" før ny vinter. Etter mykje regn dei siste dagane er det no svært vått i stien.
I dag har eg vore oppe med siste delen til sitjeplassar rundt steinbordet på Ringerike. Det står att å pynte litt og flytte nokre steinar.
Vassmølla ved Byttesteinen tok eg ned for vinteren.
14 av dei 40 historiske skilta er skada. To er tekne ned for reklamasjon. Truleg får vi nye alle skilta, men vi set dei ikkje opp før til våren.
Det er store mengder blåbær i år, og ho er stor og fin. Molte er det også mykje av, men modninga varierer mykje etter kor lenge snøen har lege.

fredag 3. juli 2015

3.7.15

Snøen har trekt seg tilbake ovanfor stølen, og det er tørrare i stien enn på lenge. Men framleis er det rikeleg med vatn i bekkane.

onsdag 27. mai 2015

27.05.15

No er det lite snø att i stien, så du kan kanskje koma deg til Fjellstøl med joggesko utan å få snø i skoa. Men det er gjørmete og vått i heile lia.
På stølsvollen er det ikkje att snø, bortsett frå i nokre søkk. Men ovanfor stølen er det enno mykje snø.
No har 75 personar skrive namnet sitt i "boka" i år. Dette er mykje mindre enn i fjor, då det var 200 namn på omtrent same tid.

onsdag 29. april 2015

29.04.15

Det er framleis ein del snø øvst, og den er hard, slik at du for det meste går oppå snøen. Frå Ringerike er det snø i stien. På stølen varierer det frå 0 til over ein meter - kanskje 40 cm gjennomsnitt.
Så langt i år er det berre 36 namn i kassa; langt mindre enn i fjor.

søndag 29. mars 2015

29.03.15

Tilhøva er omlag som sist. Det er fast snø under, og litt nyare snø oppå, som gjev fint feste for å gå opp, og gjer det svært lett å gå ned. Nokre få plassar nær open sti kan ein detta gjennom snølaget.

søndag 15. mars 2015

15.03.15

No er det fint å gå til Fjellstøl. Det er snø på øverste tredel eller halvdel. Snøen er så hard at i dag gjekk eg oppå snøen utan truger, heilt til topps. På stølsvollen er det delvis berrt, men mykje snø i søkk og fenner, så eg tippar på gjennomsnittleg 60 cm der oppe.

torsdag 19. februar 2015

19.02.15

Eg har ikkje vore til støls sidan 25.1. Ingen andre har skrive i boka heller, men Gunvor har vore to turar i byrjinga av februar. Ho gjekk på truger øvste halvdelen. Det gjorde eg òg i dag, og då gjekk eg heilt oppå snøen. Snømengda er om lag som sist, med svært lite nedste halvdelen, og aukande frå nokre få cm litt ovanfor halvvegs, til kanskje 70 cm på stølen. Der varierer det frå 0 til over ein meter. Det finst ikkje snø på hyttetaka, og det er bert om lag ein meter ut frå veggen.
Den 10.2. gjekk eg halvvegs til støls, og så ned att stølsvegen. Det ligg ein del brotne toppar i stien. Dei største er om lag 10 cm i diameter. Ei tursag eller lita bogesag vil gjere nytte for å rydde opp.

mandag 19. januar 2015

19.1.15

Etter mykje nedbør i det siste var eg spent på korleis tilhøva var i dag. Nedst er det flekkar med hard snø, men stort sett ikkje noko i stien. Frå midtvegs (Rauneskarv) aukar det fort med snø, frå om lag 15 cm til ein snau meter på stølen, trur eg. Det er vanskeleg å måla på stølen fordi det har lagt seg ujamnt, men skiltet Fjellstøl er heilt nedsnøa. Snøen er nokså tung og tett, men er tørr, så eg sokk nedi til kneet dei fleste plassar frå Ringerike og opp. No er det meldt opphald ei veke, så eg trur spora mine vil halda seg.

søndag 4. januar 2015

4.1.15

I dag skifta eg ut til nytt år i listene på Fjellstøl. To stk. hadde vore der etter den siste turen min, så eg har oppdatert statistikken for 2014.
I dag var det eit slør av snø oppover til Rauneskarv (midtvegs). Derifrå aukar det på, og øvst er det om lag 40-45 cm snø no; av dette er om lag 15 cm lett nysnø.
Der det er trakka før (dei siste vekene) er det liten risiko for å søkka djupt, og det er lett å gå. Men øvst kan det vera vanskeleg å sjå kor det er trakka, og då kan du søkka nedi til knea eller meir.