Info

Blogg for Fjellstøl

Steinar Smith har oppretta denne bloggen. Eg går ofte til Fjellstøl - oftast ein gong i veka - heile året. Eg vil skrive om tilhøva på stien og på stølen. På stølsvollen står det ei kasse som eg håpar at alle besøkande vil skrive i. Skriv dato og namn, eller om du vil vera anonym, kan du berre skrive eit kryss i namnefeltet. Gamle ark/bøker blir lagra hos Steinar Smith.


Fjellstøl (600 moh.)

ligg rett opp frå Jondal sentrum. Dette er stølen for gardsbruka på Sætveit i Jondal. Her var det aktiv stølsdrift fram til slutten av 1940-åra. Det er 6 hytter (sel) på stølen, og ein utedo rett nedanfor.

Opp til stølen er det ein bratt sti, som startar ved fylkesveg 107, 1,0 km sør for Jondal sentrum. Der finn du skilt (Fjellstøl og Vikanuten) og ei informasjonstavle på austsida av vegen. Det er parkeringsplass til 5 bilar. Du må ikkje køyre eller parkere på den private vegen ovanfor parkeringsplassen.

Stien er 2,3 km, og stig 550 m. Sjå profilen til høgre her.

Du går oppover på god skogsti. Etter om lag 15 min deler stien seg. Her er det skilta Fjellstøl og Vikanuten. Du kjem også tilbake til denne plassen om du vel å gå mot Vikanuten først. Mot Fjellstøl er det først svært bratt, men god og jevn sti. Så kjem eit parti med varierande sti som nokre stader deler seg i fleire alternative ruter. For å vera sikker bør du sjå etter dei raude merka langs stien. Det er fleire bekkar som krysser stien. I tørre somrar kan det vera vanskeleg å finna vatn i heile området. 
Stølen ligg rett ovanfor skoggrensa. På stølsvollen er det ei kasse der du kan skriva namnet ditt, eller - om du vil vera anonym - berre eit kryss, så vi kan sjå kor mange som har vore på stølen. Du bør ta ein avstikkar til ei antenne (ca 100 m nordvest for stølen), der det er flott utsikt ned mot Jondal sentrum.

Det er skilta og merka vidare til Vikanuten og Breidsete.

Rundtur om Vikanuten (1075 moh.)

Turen er merka på same måten vidare, og går over høgda i flott fjellterreng med fleire tjørn. Varden på Vikanuten ligg litt nedanfor høgste punktet, på vestsida. Her er det svært god utsikt. Du kan skriva namnet ditt i ei bok bak steinar ved foten av varden. Nedover langs Nutadalen mot startpunktet er det jamnt bratt. Mange synest det er betre å gå rundturen andre vegen: opp Nutadalen først, og nedatt over Fjellstøl, slik profilen viser.

Her er kartet som viser dei historiske skilta som kom opp i 2014. Dei siste skilta kom opp i juni 2015.



04.12.2014
Oppmåling av lengda på stølsvegen.
Eg har målt opp med ein-meters skrevemål (forma som ein A). Dette skal verte nokså nøyaktig i høve til ruta ein går. For kvar 100 m har eg hengt opp ein liten kvit plastring på ei grein, merka med romertal for 100m. Eks. VIIII for 900 (brukar ikkje IX for 9 fordi dette kan lesast opp-ned som 11). Merkinga er gjort med tusj som vert borte med tida.
Her er nokre data:

  •       0 m   Øvst på parkeringsplassen
  •   489 m  Tungegarden
  •   600 m  Kvilesteinane
  •   610 m  grind og vegkryss
  •   907 m  skilt Vasen
  •   914 m  Kaffisteinen
  • 1056 m  stikryss der vi kjem opp frå huset vårt
  • 1091 m  Rauneskarv
  • 1100 m  trinn i stien, der alternativ veg går ovanfor mur
  • 1306 m  Tverrlivegen
  • 1368 m  Skitnakleiv
  • 1485 m  Byttesteinsbekken
  • 1556 m  Kvile i Liastølmarka
  • 1700 m  kvileplass med bord og benkar, som vart ferdig sommaren 2015
  • 1702 m  Ringerike
  • 1748 m  Silkeskarv
  • 1800 m  Nokre meter før tørrfuru
  • 2000 m  Stien går over brattheng, med god utsikt. Sving mot høgre
  • 2300 m  Selet til Hans Bringeland
Eg har også målt ruta som går forbi huset vårt og Paddetjønn. Den ruta er 25 meter lengre:
  •       0 m   Øvst på parkeringsplassen
  •   235 m  ved vedhuset vårt
  •   334 m  skogsvegen byrjar ved Paddetjønn
  • 1081 m  stien kjem inn på stølsvegen
  • 2325 m  Selet til Hans Bringeland


1 kommentar:

  1. Det var interessant å sjå nøyaktige lengder og avstandar langs stølsvegen! Sjølv eg har gått vegen frå eg var gutunge og kjenner proposjonane godt, var det forvitneleg å få servert avstandane i meter! Hans (Bringeland)

    SvarSlett