tirsdag 31. desember 2013

31.12.13

Det er snøfritt opp til om lag 500-550 moh., og om lag 15 cm snø på stølsvollen (noko ujamnt). Det var 2 grader der kl. 15 i dag. Det finst ikkje is.
Ei stor bjørk har ramla over stien langt oppe. Førstemann med motorsag får dela ho opp. Det er ikkje så langt å bera veden opp til stølen. Alle som går, kan vel ta med seg ein kabbe?
Statistikken for heile 2013 blir oppdatert i morgon, trur eg.
Godt nytt tur-år. Helsing Steinar

søndag 22. desember 2013

22.12.13.

VÅTT. Og så litt snø frå om lag 4-500 moh. 5-10 cm våt snø på stølsvollen.
På turen i dag møtte eg ein annan trimmar, og ein slektning bur nokre dagar i eit av sela på stølen.

søndag 15. desember 2013

15.12.13.

Snøen har smelta høgt til fjells. På stølsvollen er det eit par cm snø. Litt meir nedanfor stølen, men lite i stien. Vått, og ikkje noko is.
Det har vore lite trafikk i november; berre 8 har skrive i kasseboka.

tirsdag 10. desember 2013

10.12.13.

Våt snø heile vegen til stølen. 5-10 cm snø, men ofte ingenting i stien, fordi det renn vatn der. På stølen er det om lag 15 cm snø. Ikkje is, men det kan bli frost no i natt.