Fint å gå i dag, i spora frå sist. På stølen var det 35 cm snø, -5 grader C. Eg gjekk hovudstien heilt ned, og nedre del har nokre parti med glatt skare/is.
Eg møtte ein familie på fire, men trur ikkje dei gjekk heilt opp. To damer har gått opp no.
Våt snø heile turen. Nedst 10 cm, midtvegs 15 cm, på stølen 33 cm. Den våte snøen gjer at issvullar ikkje er glatte lenger. 65 min. opp i dag. Gjekk ikkje nedste halvdel av hovudstien, men vår eigen sti.