mandag 19. januar 2015

19.1.15

Etter mykje nedbør i det siste var eg spent på korleis tilhøva var i dag. Nedst er det flekkar med hard snø, men stort sett ikkje noko i stien. Frå midtvegs (Rauneskarv) aukar det fort med snø, frå om lag 15 cm til ein snau meter på stølen, trur eg. Det er vanskeleg å måla på stølen fordi det har lagt seg ujamnt, men skiltet Fjellstøl er heilt nedsnøa. Snøen er nokså tung og tett, men er tørr, så eg sokk nedi til kneet dei fleste plassar frå Ringerike og opp. No er det meldt opphald ei veke, så eg trur spora mine vil halda seg.

søndag 4. januar 2015

4.1.15

I dag skifta eg ut til nytt år i listene på Fjellstøl. To stk. hadde vore der etter den siste turen min, så eg har oppdatert statistikken for 2014.
I dag var det eit slør av snø oppover til Rauneskarv (midtvegs). Derifrå aukar det på, og øvst er det om lag 40-45 cm snø no; av dette er om lag 15 cm lett nysnø.
Der det er trakka før (dei siste vekene) er det liten risiko for å søkka djupt, og det er lett å gå. Men øvst kan det vera vanskeleg å sjå kor det er trakka, og då kan du søkka nedi til knea eller meir.

fredag 26. desember 2014

26.12.14

Endeleg kom eg meg til støls att etter tre veker forkjøling (og ein liten operasjon).
Det er ganske fint å gå oppover, for Sjur H. B. gjekk ned med truger medan det var vått, og no var det 6 kuldegradar på stølen, så eg datt ikkje gjennom i spora hans. Midtvegs kunne eg gå oppå skaren utanfor tråkket også. Det er om lag 55 cm snø på stølen, og 10 cm nysnø ved Rauneskarv (halvvegs) og her nede no.
Dette var tur nr. 50 for meg i år. Skal snart telje opp alle namna i "boka".

torsdag 4. desember 2014

4.12.14

Det er mildt heilt til støls, og snø finst berre som flekkar frå Ringerike og oppover. Is vart ikkje observert i dag.
Eg har målt opp stølsvegen med "skrevemål" - form som ein A, med lengde ein meter. Sjå eigen omtale på fanen Info.

tirsdag 25. november 2014

25.11.14

Sist eg var oppe (laurdag) var det 5 cm snø på stølen, og såvidt synleg snø halvvegs. I dag hadde det meste tint, så det er berre nokre flekkar att på stølen. 2 grader der oppe. Det er vått! Har kome om lag 40 mm sidan laurdag kveld.

tirsdag 18. november 2014

18.11.14

Det er fine tilhøve på stien no. Lite vatn i bekkane, men nok til drikke. Stien har partier med tørt lauv, men også litt klinete nokre stader. Ikkje frost på stølen, men med godvilje kan ein seie at det låg LITT snø i brotet  nedanfor stølen i dag.
På Ringerike har eg byrja finne steinar til å laga sitjebenkar rundt skiferbordet som kjem opp neste vår. Det er krafse og "spett" der, og ALLE BLIR OPPMODA OM Å BIDRA I DETTE ARBEIDET. Det blir ein dugnad til våren for å få dette på plass.

torsdag 30. oktober 2014

30.10.14.

Uvêret har ikkje øydelagt nemneverdig i området. Vi har i dag rydda nokre tre og ein del greiner langs "vår" trasè. Elles er det blautt og ein del lauv i stien. I kassa på stølen var det så vått at eg fjerna arka og la inn eit nytt, sjølv om nummera på dette er for høge.