Statistikk







Dei mest aktive





---------------------------------------------------------------------------------------------------

I 2013 er det registrert 492 namn i kassa. I tillegg veit vi at ein del turgåarar ikkje skriv i kassa, så ein kan gjetta på at om lag 600 personar har gått til Fjellstøl dette året.
39 har merka av at dei har gått via Vikanuten.
36 har merka av at dei er frå eit anna land enn Noreg. Har registrert Cuba (2), Tyskland (13), Italia (1), Nederland (4), Polen (4), Russland (3), Sverige (2), Finnland (2) og Slovakia (5), men eg veit at det er fleire land.


Aldersfordeling:
Av dei 492 namna har eg alder for 445. Desse har ein gjennomsnitt på 41,3 år, og fordeler seg slik:


Yngste var 2 år, og eldste var 82 år (Trygve R. Flatebø). Eg mistenkjer at 2-åringen vart boren det meste av turen. Men eg veit at ein 4-åring (Emil Bofil Toreid) gjekk heile turen på eigne bein.

Det er fint å sjå at folk i alle aldrar brukar denne turen.

Det flate partiet i figuren på 63/64 år tek eg (Steinar Smith) ansvaret for - har gått 58 gonger i 2013.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar