tirsdag 18. november 2014

18.11.14

Det er fine tilhøve på stien no. Lite vatn i bekkane, men nok til drikke. Stien har partier med tørt lauv, men også litt klinete nokre stader. Ikkje frost på stølen, men med godvilje kan ein seie at det låg LITT snø i brotet  nedanfor stølen i dag.
På Ringerike har eg byrja finne steinar til å laga sitjebenkar rundt skiferbordet som kjem opp neste vår. Det er krafse og "spett" der, og ALLE BLIR OPPMODA OM Å BIDRA I DETTE ARBEIDET. Det blir ein dugnad til våren for å få dette på plass.

1 kommentar:

  1. Kjekt å lesa om stølen og stølsvegen når ein er langt borte (eg arbeider i Tyskland nett no)! I det heile: takk for bloggen, Steinar!

    SvarSlett