tirsdag 25. november 2014
25.11.14
Sist eg var oppe (laurdag) var det 5 cm snø på stølen, og såvidt synleg snø halvvegs. I dag hadde det meste tint, så det er berre nokre flekkar att på stølen. 2 grader der oppe. Det er vått! Har kome om lag 40 mm sidan laurdag kveld.
tirsdag 18. november 2014
18.11.14
Det er fine tilhøve på stien no. Lite vatn i bekkane, men nok til drikke. Stien har partier med tørt lauv, men også litt klinete nokre stader. Ikkje frost på stølen, men med godvilje kan ein seie at det låg LITT snø i brotet nedanfor stølen i dag.
På Ringerike har eg byrja finne steinar til å laga sitjebenkar rundt skiferbordet som kjem opp neste vår. Det er krafse og "spett" der, og ALLE BLIR OPPMODA OM Å BIDRA I DETTE ARBEIDET. Det blir ein dugnad til våren for å få dette på plass.

Abonner på:
Innlegg (Atom)