torsdag 22. september 2016

21.09.16

No er det så tørt i Sætveitlia som det knapt har vore i sommar. Berre i Byttesteinbekken sildrar det litt. Paddetjønn (rett ovanfor der eg bur) er nesten tomt.
I går "restaurerte" eg demningen i Byttesteinbekken, for sikrare tilførsel til vassrenna.

torsdag 25. august 2016

25.8.16

Sundag og tysdag har Sveinung Selsvik og eg (Steinar) skifta ut skadde skilt (historiske namn, brune skilt) på turen over Vikanuten, og sett opp att to skilt som mangla (Matbord og Seltuft). Har også sett på ei topplist slik at vatn og snø får mindre tak til å øydelegge folien på skilta. Dei fyrste skilta hadde dårleg folie, og vi fekk ny levering frå A2g. Skilta som ikkje var skada, er ikkje bytt ut, så viss du ser skadde skilt frå no, ver snill å melde frå til oss, så kan vi byte ut.

I går kom det minst 53 mm regn på Sætveit. Elva (Sætveitbekken) er så stor at det truleg ikkje er råd å passere. Skal du gå Nutadalen, kan du gå over elva ved vegen og inn på skogsveg eit par hundre meter lengre sør.

mandag 1. august 2016

1.8.16.

Det er vått og mykje vatn i bekkane, etter ein særs regnfull slutt på juli. Målaren min viser 239 mm regn i juli, og han viser helst litt for lite. Men i fjor kom det like mykje regn på dei fyrste 5 månadane som på dei fyrste 7 i år.

Førebels opptelling av namn i kassa viser desse tala:
Månad 2013 2014 2015 2016
Januar 15 15 7 15
Februar 11 9 5 18
Mars 16 32 12 15
April 4 51 13 38
Mai 41 106 51 92
Juni 78 131 123 93
Juli 118 115 216 108

altså ei halvering av besøk i juli månad i høve til i fjor. Vêret må vel ta skulda.

fredag 3. juni 2016

3.6.16

Trass varmen (22 grader på stølen kl. 21) er det godt med vatn i bekkane, og noko fuktig i stien.

søndag 1. mai 2016

01.05.16

No er det "sommartørt" i lia, og nokså lite vatn i bekkane. Fint å gå. Det er noko snø frå Ringerike, men snøen er så fast at ein sjeldan dett gjennom.
På dei fire fyrste månadene er det 77 namn i kassa; meir enn i fjor, men mindre enn for to år sidan.
Den 9. april gjekk om lag 26 personar frå "71 grader nord" til stølen. Dei gjekk opp med tunge sekker, men vart flogne ned att med helikopter. (Berre ein av dei skreiv i kassa.) Truleg kjem dette på TV Norge til hausten.

tirsdag 19. april 2016

19.04.16

Det har kome litt nysnø på Fjellstøl, men mest regn og sludd, så det er ikkje mykje nysnø som ligg der no. I dag var det litt nysnø frå Ringerike og opp. Heilt øvst datt eg gjennom snøen nokre gonger. Nokre stader kan det vera ein halv meter snø, men på stølen ca 10-15 cm i gjennomsnitt.

søndag 27. mars 2016

27.03.16

Snøen minkar; det er om lag 30 cm på Fjellstøl, men kan vere meir nokre stader i lia. Det er nesten ikkje snø eller is på nedste halvdelen. Der vi har trakka før, gjekk eg i dag oppå snøen dei fleste plassane, men gjekk gjennom nokre stader, særleg på veg ned att. Det var 5 grader på stølen kl. 11.30.