torsdag 23. mai 2013

23.05.13

No er snø og is borte i stien, og det har tørka opp ganske bra. Trafikken aukar.

fredag 17. mai 2013

16.05.13

Framleis litt snø og mykje is på øvste 100 høgdemetrane. Stølsvollen nesten fri for snø. 13 grader.

torsdag 9. mai 2013

09.05.13

I dag var det 10 grader på stølen, og om lag halve stølsvollen er fri for snø. Nedover i lia er det 10-30 cm våt snø i stien dei øvste 100 høgdemetrane, og dei neste 100 er det nokre snø- og isrestar. Elles er det vått sommarføre.

onsdag 3. april 2013

03.04.13.

Det er om lag dei same tilhøva som det har vore dei siste vekene. I dag var det vindstille på stølen, strålande sol, og 3-4 varmegrader kl. 15.
Under isen i bekken er det no tomt for vatn. Snøen oppover mot Vikanuten er fast, men det varierer frå svært hard fokksnø til skarp skare.

søndag 24. mars 2013

24.03.13

Framleis glatt i stien gjennom granskogen, både på den merka stien og på stien "vår". Bruk broddar, eller gå til side for stien. Ovanfor granskogen er det veldig fast spor, men også der kan det vera litt glatt, så nedover er det tryggast å gå litt utafor sporet viss du ikkje har broddar. Oppe ved stølen har sporet fokka att.

søndag 17. mars 2013

17.03.13

Mildver har gjort issvullane litt mindre glatte. Likevel er det nokså glatt på nedste delen gjennom granskog. Øvste delen har fast, god sti.

mandag 11. mars 2013

10.03.13

Framleis glatt mange plassar gjennom granskogen, så du bør ha broddar. Om lag 10 kuldegrader i helga (om nettene), men no kjem sola opp kl. 09 på stølen. Natt til sundag bles det mykje, så snøen er tørr og ganske hard.