søndag 24. mars 2013

24.03.13

Framleis glatt i stien gjennom granskogen, både på den merka stien og på stien "vår". Bruk broddar, eller gå til side for stien. Ovanfor granskogen er det veldig fast spor, men også der kan det vera litt glatt, så nedover er det tryggast å gå litt utafor sporet viss du ikkje har broddar. Oppe ved stølen har sporet fokka att.

søndag 17. mars 2013

17.03.13

Mildver har gjort issvullane litt mindre glatte. Likevel er det nokså glatt på nedste delen gjennom granskog. Øvste delen har fast, god sti.

mandag 11. mars 2013

10.03.13

Framleis glatt mange plassar gjennom granskogen, så du bør ha broddar. Om lag 10 kuldegrader i helga (om nettene), men no kjem sola opp kl. 09 på stølen. Natt til sundag bles det mykje, så snøen er tørr og ganske hard.

tirsdag 5. mars 2013

05.03.13

På nedste halvdel (gjennom granskogen) er det no mange glatte parti. Broddar vil vera ein fordel. Eller gå til side for stien der du kan halde deg fast i greiner og tre. På øvste delen er det ganske fast og fint spor, og ikkje det minste glatt. Om lag 5 cm nysnø på stølen. Null grader kl. 16 i dag.

onsdag 27. februar 2013

27.02.13.

I dag gjekk eg den merka stien heile vegen. Det er noko glatt opp gjennom granskogen, så det er best å gå utanom stien mange plassar. Over granskogen er det ganske fast og godt spor.

søndag 24. februar 2013

24.02.13

Sporet er litt laust, men du søkk ikkje mykje nedi no. Nokre få issvullar i stien. Sidan snøveret er det gått 5 turar på øvste delen, og eit par turar på nedste del av den merka stien.

torsdag 21. februar 2013

21.02.13

Gjekk opp på ein time i dag. Det er ganske fast under den siste snøen. På øvste halvdelen datt eg gjennom 5-15 cm snø med ei tynn skareskorpe. På stølen var det kl. 15 sol, stille og 5 kuldegrader. Om lag 50 cm snø (eg målte 40 og 70 cm)