torsdag 7. desember 2017

07.12.2017

Etter fleire dagar med regn og mildvêr er det no bert heilt opp til Ryssekleiva, og på stølen er det kanskje om lag 5 cm snø i gjennomsnitt. Mykje vatn, også langsetter stien mange plassar.

onsdag 22. november 2017

21.11.2017

Ingen snø før Skitnakleiv. Snømengda er den same på Fjellstøl: om lag 15-20 cm. Noko har kome, noko har gått. No er det litt is i stien på øvste delen, men lett å gå utanom.

lørdag 11. november 2017

10.11.2017

Det var snøvêr (sludd) då eg gjekk til Fjellstøl. Det var 2 cm snø ved Paddetjønn, 3 cm ved Tverrlivegen og 15-20 cm på stølen. Null grader. Etter turen vart snøen borte på nedste delen. Det finst ikkje frost under snøen, så det spørs om han blir liggjande på stølen.
I boka skreiv eg som nr. 615.

fredag 15. september 2017

14.09.17

Etter ein våt sommar og mykje trafikk er stien til Fjellstøl klinete. No har Gunvor gjort ein del tiltak på dei verste plassane, med grøfting og rensking. Eg har planar om å arbeida meg nedover frå stølen med å finne fleire steinar å leggja på utsette stader. Viss helsa held (ho er noko variabel). Rett nedanfor stølen finst no eit spett, eit grev og gummihanskar. Det er fritt fram å bruka det for å bidra, viss du set det tilbake der du fann det.

torsdag 24. august 2017

24.08.17

Etter nokre dagar med opphald var det i dag tørrare i stien, men framleis litt klinete. Og meir regn er venta.

tirsdag 18. juli 2017

18.07.2017

Den våte sommaren gjer at det er nokså klinete i stien.
Om lag 300 namn er skrive i boka no.
Kassa vart for ei tid sidan "ramponert" av ein uheldig turgåar med hund, slik at døra vart riven av hengsla. Ho og mannen prøvde å reparere, men eg var ikkje nøgd med resultatet:
Eg har retta opp, med hengsle som ikkje skjuler teksten, og slik at døra går heilt inntil.

tirsdag 6. juni 2017

5.6.17

Ny kasse er montert på Fjellstøl. Den er laga av lerketre. Døra er dobbel. Når du dreg i knappen til høgre, blir den indre døra heist opp av ei snor. Boka er festa med ein spile, og ein blyant heng i høgre kant, festa i ei snor som kan trekkast ut, og ei fjør dreg snora inn att. Kassa er testa i ulikt vêr i vinter.
Det tok meg mange timar å lage denne kassa, og det var 15 kg + stolpane + verktøy å bere opp. Hadde hjelp av Gjermund Toreid.
Så håpar eg at det fungerer!