fredag 15. september 2017

14.09.17

Etter ein våt sommar og mykje trafikk er stien til Fjellstøl klinete. No har Gunvor gjort ein del tiltak på dei verste plassane, med grøfting og rensking. Eg har planar om å arbeida meg nedover frå stølen med å finne fleire steinar å leggja på utsette stader. Viss helsa held (ho er noko variabel). Rett nedanfor stølen finst no eit spett, eit grev og gummihanskar. Det er fritt fram å bruka det for å bidra, viss du set det tilbake der du fann det.

torsdag 24. august 2017

24.08.17

Etter nokre dagar med opphald var det i dag tørrare i stien, men framleis litt klinete. Og meir regn er venta.

tirsdag 18. juli 2017

18.07.2017

Den våte sommaren gjer at det er nokså klinete i stien.
Om lag 300 namn er skrive i boka no.
Kassa vart for ei tid sidan "ramponert" av ein uheldig turgåar med hund, slik at døra vart riven av hengsla. Ho og mannen prøvde å reparere, men eg var ikkje nøgd med resultatet:
Eg har retta opp, med hengsle som ikkje skjuler teksten, og slik at døra går heilt inntil.

tirsdag 6. juni 2017

5.6.17

Ny kasse er montert på Fjellstøl. Den er laga av lerketre. Døra er dobbel. Når du dreg i knappen til høgre, blir den indre døra heist opp av ei snor. Boka er festa med ein spile, og ein blyant heng i høgre kant, festa i ei snor som kan trekkast ut, og ei fjør dreg snora inn att. Kassa er testa i ulikt vêr i vinter.
Det tok meg mange timar å lage denne kassa, og det var 15 kg + stolpane + verktøy å bere opp. Hadde hjelp av Gjermund Toreid.
Så håpar eg at det fungerer!

søndag 23. april 2017

23.04.17

Sjølv om det har vore kaldt og snøbyger siste tida, har det ikkje lagt seg nemneverdig med snø opp mot Fjellstøl. I dag var det eit slør av nysnø frå Ringerike og opp, men ikkje meir enn 1 cm nysnø på stølen, pluss nokre fonner/flekkar frå før. Med tørrvêr i sikte er det lite truleg at det blir meir snø å gå i.

lørdag 1. april 2017

01.04.2017

Det har smelta mykje snø no. Frå Ryssekleiva er det snøføre, og på stølen er det kanskje gjennomsnitt 20 cm.
På dei tre fyrste månadane er det skrive 41 namn i boka. 3 nye namn i boka i dag.

lørdag 11. mars 2017

11.03.2017

Det er ca. 40 cm tung snø på Fjellstøl, og 10-15 cm halvvegs. I går har fleire folk gått opp med ski og snøbrett, så det er ganske gode spor, som har vorte faste i natt.
I februar vart det skrive 11 namn i kassa.