tirsdag 18. juli 2017

18.07.2017

Den våte sommaren gjer at det er nokså klinete i stien.
Om lag 300 namn er skrive i boka no.
Kassa vart for ei tid sidan "ramponert" av ein uheldig turgåar med hund, slik at døra vart riven av hengsla. Ho og mannen prøvde å reparere, men eg var ikkje nøgd med resultatet:
Eg har retta opp, med hengsle som ikkje skjuler teksten, og slik at døra går heilt inntil.

tirsdag 6. juni 2017

5.6.17

Ny kasse er montert på Fjellstøl. Den er laga av lerketre. Døra er dobbel. Når du dreg i knappen til høgre, blir den indre døra heist opp av ei snor. Boka er festa med ein spile, og ein blyant heng i høgre kant, festa i ei snor som kan trekkast ut, og ei fjør dreg snora inn att. Kassa er testa i ulikt vêr i vinter.
Det tok meg mange timar å lage denne kassa, og det var 15 kg + stolpane + verktøy å bere opp. Hadde hjelp av Gjermund Toreid.
Så håpar eg at det fungerer!

søndag 23. april 2017

23.04.17

Sjølv om det har vore kaldt og snøbyger siste tida, har det ikkje lagt seg nemneverdig med snø opp mot Fjellstøl. I dag var det eit slør av nysnø frå Ringerike og opp, men ikkje meir enn 1 cm nysnø på stølen, pluss nokre fonner/flekkar frå før. Med tørrvêr i sikte er det lite truleg at det blir meir snø å gå i.

lørdag 1. april 2017

01.04.2017

Det har smelta mykje snø no. Frå Ryssekleiva er det snøføre, og på stølen er det kanskje gjennomsnitt 20 cm.
På dei tre fyrste månadane er det skrive 41 namn i boka. 3 nye namn i boka i dag.

lørdag 11. mars 2017

11.03.2017

Det er ca. 40 cm tung snø på Fjellstøl, og 10-15 cm halvvegs. I går har fleire folk gått opp med ski og snøbrett, så det er ganske gode spor, som har vorte faste i natt.
I februar vart det skrive 11 namn i kassa.

søndag 12. februar 2017

12.02.2017

Det er fine tilhøve oppover lia no, men ein del is har lagt seg i stien. Likevel er det fint å gå, for du kan lett gå utanom, i lyngen. På stølen er det snøflekkar, men nesten ikkje snø i lia før du kjem til Ringerike.
I januar vart det 19 namn i boka.
I dag var 4-5 personar oppover.

lørdag 14. januar 2017

13.01.2017

Gunvor gjekk nesten til Ringerike, og eg gjekk heilt opp, utan truger. Det var 5 cm snø opp til halvvegs, derfrå aukande til ca. 20 cm ved Tverrlivegen, og ca 50-60 cm på det meste frå Ryssakleiva opp til siste brekka før stølen. På stølsvollen var det foke vekk mykje, men gjennomsnitt var det kanskje 40 cm. Det ser ikkje ut til å ha kome meir snø etterpå, og no er det opphald nokre dagar.