søndag 29. mars 2015

29.03.15

Tilhøva er omlag som sist. Det er fast snø under, og litt nyare snø oppå, som gjev fint feste for å gå opp, og gjer det svært lett å gå ned. Nokre få plassar nær open sti kan ein detta gjennom snølaget.

søndag 15. mars 2015

15.03.15

No er det fint å gå til Fjellstøl. Det er snø på øverste tredel eller halvdel. Snøen er så hard at i dag gjekk eg oppå snøen utan truger, heilt til topps. På stølsvollen er det delvis berrt, men mykje snø i søkk og fenner, så eg tippar på gjennomsnittleg 60 cm der oppe.

torsdag 19. februar 2015

19.02.15

Eg har ikkje vore til støls sidan 25.1. Ingen andre har skrive i boka heller, men Gunvor har vore to turar i byrjinga av februar. Ho gjekk på truger øvste halvdelen. Det gjorde eg òg i dag, og då gjekk eg heilt oppå snøen. Snømengda er om lag som sist, med svært lite nedste halvdelen, og aukande frå nokre få cm litt ovanfor halvvegs, til kanskje 70 cm på stølen. Der varierer det frå 0 til over ein meter. Det finst ikkje snø på hyttetaka, og det er bert om lag ein meter ut frå veggen.
Den 10.2. gjekk eg halvvegs til støls, og så ned att stølsvegen. Det ligg ein del brotne toppar i stien. Dei største er om lag 10 cm i diameter. Ei tursag eller lita bogesag vil gjere nytte for å rydde opp.

mandag 19. januar 2015

19.1.15

Etter mykje nedbør i det siste var eg spent på korleis tilhøva var i dag. Nedst er det flekkar med hard snø, men stort sett ikkje noko i stien. Frå midtvegs (Rauneskarv) aukar det fort med snø, frå om lag 15 cm til ein snau meter på stølen, trur eg. Det er vanskeleg å måla på stølen fordi det har lagt seg ujamnt, men skiltet Fjellstøl er heilt nedsnøa. Snøen er nokså tung og tett, men er tørr, så eg sokk nedi til kneet dei fleste plassar frå Ringerike og opp. No er det meldt opphald ei veke, så eg trur spora mine vil halda seg.

søndag 4. januar 2015

4.1.15

I dag skifta eg ut til nytt år i listene på Fjellstøl. To stk. hadde vore der etter den siste turen min, så eg har oppdatert statistikken for 2014.
I dag var det eit slør av snø oppover til Rauneskarv (midtvegs). Derifrå aukar det på, og øvst er det om lag 40-45 cm snø no; av dette er om lag 15 cm lett nysnø.
Der det er trakka før (dei siste vekene) er det liten risiko for å søkka djupt, og det er lett å gå. Men øvst kan det vera vanskeleg å sjå kor det er trakka, og då kan du søkka nedi til knea eller meir.

fredag 26. desember 2014

26.12.14

Endeleg kom eg meg til støls att etter tre veker forkjøling (og ein liten operasjon).
Det er ganske fint å gå oppover, for Sjur H. B. gjekk ned med truger medan det var vått, og no var det 6 kuldegradar på stølen, så eg datt ikkje gjennom i spora hans. Midtvegs kunne eg gå oppå skaren utanfor tråkket også. Det er om lag 55 cm snø på stølen, og 10 cm nysnø ved Rauneskarv (halvvegs) og her nede no.
Dette var tur nr. 50 for meg i år. Skal snart telje opp alle namna i "boka".

torsdag 4. desember 2014

4.12.14

Det er mildt heilt til støls, og snø finst berre som flekkar frå Ringerike og oppover. Is vart ikkje observert i dag.
Eg har målt opp stølsvegen med "skrevemål" - form som ein A, med lengde ein meter. Sjå eigen omtale på fanen Info.